Released on January 22, 2021

Thumbnail

To ramnar eig

Dei er meg kjær

Ein for mitt minne

Ein for min hug

I kvar sin vind, frå meg

Flygande, i kvar sin veg

Dei kver meg songar

Når heim dei vender

Eg stundom fæler

At hugjen heim ei rekk

Enn meir eg ottast

At minna mistar sin veg

Vegvill er hug

Utan minne

Eit tre råtnar

Utan rot

På dine vingar bér

All den tid som runne, hev

Å minnefuggel

Vær hos meg all mi tid

Minna er

Alltid nær

Visar veg

Rådar meg

Minna er

Alltid nær

Røynslas råd

Mistakets frelsar

Minne eg heiter!

Børa på medvitets rygg

Skaldens veg til ordas hóv

Treets rot og steinens riss

Tingets krins og vargens vaksemd