Det ligg ein mann på marki

Kløyvd på feigaste vis

Drepen av ein ynkeleg banemann

Som sneik seg bakom rygg

No ligg eit sverd å bleinkjer

Og tystar etter hemn

Men herren åt sverdet kan inkje gjera

I staden vaknar sjeli

Og byrjar på heimferdi

Han ferdast no i riket

Riket åt dei falne

Vinden ber med seg

Lyden av skråll og lått

Det er dei falne sitt gilde i natt

Dei helsar med mjødkrusa heva

Og let mannen fortelje si soge

Dei ventar i tolmod på den feige

Og når han kjem skal i sanning

Sverd smaka blod