Vi skal ikkje sova bort sumarnatta

Ho er for ljos til det

Då skal vi vandra isaman ute

|: under dei lauvtunge tre.:|

Då skal vi vandra isaman ute

Der blomar igraset står

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta

|: som kruser med dogg vårt hår.:|

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen

Og grashoppespelet i eng

Men vandra i lag underbleikblå himlen

|: til fuglane lyfter veng.:|

Og kjenna at vi er i slekt med jorda

Med vinden og kvite sky

Og vita at vi skal vera isaman

|: like til morgongry.:|