Til deg

By Gåte

On Jygri

Released on September 16, 2002

Thumbnail

[Tekst til "Til deg"]


[Vers 1]

Du gledde meg så mykje, eg kan'kje gleda deg

Det beste som eg hadde var alt for smått for deg

Men denne vesle knoppen av mitt eige rosentre

Den skal du ha som minne om sumaren og meg


[Vers 2]

I fjor haust var den berre eit snøkvitt lite nor

Djupt nedi jorda, på rota åt si mor

Når sumarsola vart so varm, då våga den seg opp

Og skaut så friske grøne blad, og slik ein blodraud topp


[Instrumentalt Refreng]


[Vers 3]

Men då var høsten her igjen, med iskald gufs frå hei og nut

Det vart for seint, so altfor seint, han fekk'kje spretta ut

So laut han døy, og vondt det var då vesle livet gjekk;

Men lagnad-stålet av han skar, det finst 'kje råd med slikt


[Instrumentalt Refreng]


[Vers 4]

Og ilska rann med livet ut i tidens djupe hav

Der lengt og liding, sorg og sut, ja alt skal gløymast av

Og rota som den grodde på må visna bort og døy

For alt som lever her på jord er lik som gras og høy


[Instrumentalt Refreng]