Dån johan

By E-76

On Gørgode låtar

Released on 1999

Thumbnail

Det va på ei dansefest i 1969

At mor mi fekk ein dram med litt for sterke saker i

Å han som sjenka drammen, det va bygdas Dån Johan

Han tvinna ho rondt fingen, slik som berre slike kan

Han va ein liten Elvis, med bryl og spisse sko

Han lura mamma inn på samfunshusets do

Sø dela dei ei lerke, og dermed va det gjort

Det banka hardt på dynne sø dei gjor' det sabla fort

Han var ein mann,(han var ein mann)

Ein Dån Johan,(ein Dån Johan)

Som konne drikke seg full, slengje dritt og prate tull, ha var ein mann

Å dermed va det sått eit bittelite frø

Men Elvis va fordufta då mutter'n skulle fø

Å det var ikkje rart, fe det va ikkje berre mor

Som gjekk og angra bittert, med ein mage som va stor

Å det æ alt eg veit, om min kjødelige far

Han va visst glad i jentun, men ein upålitleg kar

Allikvel ser eg mamma smile litegrann

Når upphavet blir nevnt, for han var ein vakker mann

Men sjøl om starten på mitt liv, var ein smule original

Ja kristenfolket kalla det for mangel på moral

Sø vaks eg upp som ongar flest, å fatter'n va ikkje nøkø savn

Å gudskjelov fe det, pusta mamma letta ut, men han var ein vakker mann

Tekst: Edvin Loftsgarden Melodi: Edvin Loftsgarden